Det har blitt stor merksemd kring Unge Venstres landsmøtevedtak om å ikkje utelukke samarbeid med noko parti før valet er over. Det seier mykje om kor langt ultimatum-valsen har gått i norsk politikk.
Før stortingsvalet i 2009 vedtok Venstre og Unge Venstre at partiet kun ville opne for eventuelt regjeringssamarbeid med sentrumspartia og Høgre. Alt anna var eksplisitt utelukka, og partiet vart pressa så langt at det omtrent lova å felle ei eventuell Frp-regjering av prinsipp, uavhengig av politikken den måtte finne på å føre. Dette i ein situasjon der absolutt alle visste at ei borgarleg regjering mått forhalde seg til Frp, på den eine eller andre måten.
I helga tok Unge Venstre eit oppgjer med med denne tankegangen. Ikkje fordi Frp har blitt meir sympatiske sidan 2009. Ikkje fordi det er spesielt sannsynleg at Venstre vil ende opp i regjering saman med Frp. Men fordi vi meiner at eit seriøst politisk parti skal vere garantisk for eigen politikk, og kjempe for å få gjennomslag for den. Punktum.
Venstre – ein plettfri tenketank?
Det er mange i Venstre som helst ikkje vil samarbeide med nokre av dei store partia i norsk politikk, og som kanskje har eit slags umedvite ynskje om at Venstre skal vere ein plettfri tenketank, heva over realpolitiske forhandlingar og kompromiss. Det trur eg er ei dødslinje for eit kvart parti som ynskjer å bli tatt på alvor.
For veljarar forstår at ingen parti får reint fleirtal. Dei forstår at det er naudsynt å kompromisse. Då skuldar alle parti, også Venstre, å søkje å få gjennom sin politikk på Stortinget og i regjering. Vi skuldar i det minste veljarane våre å forsøke. Å utelukke seg sjølv frå politisk makt er å halde veljarane for narr.
På borgarleg side i politikken er det store politiske avstandar mellom alle parti, og vi veit at det ikkje blir enkelt å finne gode kompromiss:
- Høgre har eit manglande engasjement, og til tider ei direkte motvilje mot å ta tak i sosiale problem utan bruk av batongar og straff, det vere seg om ein snakkar om tiggarar, rusavhengige eller papirlause innvandrarar.
- Frp tek ikkje klimatrugsmålet på alvor, og står for ei illiberal linje i justispolitikken.
- KrF er alt for glade i å bruke andre sine pengar på alle moglege gode formål. Eller som Jan Arild Snoen skreiv i ei lesverdig bokmelding av Dagfinn Høybråtens «Pengene eller livet»: «I løpet av bokens 256 sider finnes det ikke ett eneste forslag til kutt i offentlige utgifter. (…) Nevn en offentlig utgift – nesten hvilken som helst, og Høybråten vil snakke entusiastisk om å øke den.»
At avstandane er store er både naturleg og opplagt. Vi organiserer oss ikkje i fire ulike parti fordi det er moro.
Åtte år med LO er nok
Men éin ting bør dei borgarlege partia vere einige om i 2013: Åtte år med LO og Bondelaget i regjeringskontora er nok. Meir enn nok. For den raudgrøne regjeringa har vist seg å vere fullstendig ute av stand til å løyse dei tre store utfordringane Noreg står overfor: Klimaendringar, eldrebølgja og vegen mot kunnskapssamfunnet.
Det er ingen vilje til å ta i bruka marknaden for å senkje klimagassutsleppa. Her vil dei borgarlege partia kunne finne saman i ei omleggjing frå raud til grøn skatt, til dømes ein solid auke i CO2-avgifta og fjerning av formueskatten. Det er ingen vilje til å sikre eit velferdssamfunn som også er berekraftig i møte med eldrebølgja. Her bør dei borgarlege partia klare å bli einige om å fjerne AFP, kutte i sjukeløn og heve pensjonsalderen. Og sist men ikkje minst er det null satsing på framtidig verdiskaping, særleg når det gjeld løyvingar til forsking og høgare utdanning. Her er dei borgarlege partia stort sett heilt på linje, og dessutan har dei ingen ideologiske skylappar mot å la private og frivillige aktørar vere med og bidra.
Når det gjeld tre andre store grep som må gjerast i norsk politikk; kutt i landbrukssubsidiar, ei stor kommunesamanslåingsreform og norsk EU-medlemskap, vil borgarleg semje sitje noko lenger inne. Men i den raudgrøne leiren er det i alle fall null håp om handling på desse områda.
Det er mykje felles ideologisk tankegods på borgarleg side. Også når ein inkluderer Frp. Borgarleg politikk står i kontrast til kollektivismen og strukturkonservatismen ein ser frå dagens regjering. Synet på eit progressivt Noreg i form av private initiativ, verdiskaping, utdanning og statens omfang tilseier at dagens opposisjonsparti – i ei eller anna form – bør søkje saman dersom dei får fleirtal i 2013.
Eit sterkt Venstre er garantien
Så er det ikkje gitt at Venstre får nok styrke av veljarane til å få gjennomslag for våre viktige saker i regjeringsforhandlingar. Då skal Venstre openbart ikkje gå i regjering. Og dersom ei borgarleg regjering fører ein politikk som bryt med grunnleggjande, liberale verdiar, kan ein heller ikkje støtte regjeringa frå Stortinget.
Men nettopp difor må Venstre bruke tida fram mot 2013 på å snakke om kvifor vi er heilt nødvendige for å få ei ny og anstendig borgarleg regjering. Eit stort og sterkt Venstre er den einaste garantien for liberal politikk, og eit stort og sterkt Venstre skal søkje makt. Det vil vere bra for partiet, bra for landet og bra for den enkelte borgar. Og det er trass alt dei vi driv politikk for.
——


Dette er interessante betraktninger. Flere av dem er nye for meg. Spesielt det med den plettfrie tenketanken tror jeg er viktigere enn jeg har tenkt over tidligere. Det er nok et betydelig antall medlemmer og sympatisører som foretrekker å bli godt likt i lunchen på arbeidsplassen fremfor å ta vanskelige valg.
Personlig er jeg fremdeles på søken etter den beste strategien. Så langt er det bare UV sin som fremstår med et snev av troverdighet.
Ja, eg trur dette tenketank-poenget har noko for seg. Sjølv om, som eg skriv, det nok for dei fleste er ei umedviten haldning.
Eit anna poeng, som nok er undervurdert, er at Venstre er eit parti som tener på å sitje i posisjon, som gjer gode val når det er realistisk at vi får makt, og som folk stemmer på når dei trur stemma ikkje er bortkasta. Det er i alle fall trenden dei siste fire vala, med dei gode vala i 1997 og 2005 som gode døme.
Eg er einig i at det er vanskeleg å legge ein god strategi. Men eg trur UV sin er den beste og mest realistiske. Under debatten i helga var det nokon som samanlikna denne debatten med å gå på byen: Det er ofte slik at nokon har eit forslag til kva pub ein skal dra til, også er andre skeptiske. Men dersom dei andre ikkje har noko realistisk alternativ, må dei faktisk berre bli heime.
Det var ikke under debatten i helgen, det var jeg på Facebook.
Det burde vore ein “like”-knapp her.
Like.
Sveinung:
Dere skal i alle fall ha ros for å sette Venstre på dagsorden. Et vakkert bilde av deg prydet lederartikkelen i Fædrelandsvennen her om dagen, for å nevne et eksempel
Jeg har lest vedtaket deres, og jeg er nok mer enig i mye av teksten der, enn jeg er med hvordan vedtaket er blitt oppfattet og fortolket…
Det jeg likte spesielt godt, var:
– Venstres valgkamp i 2013 skal fokusere på vår egen politikk, og ikke på andre partier.
– Venstre skal delta i enhver borgerlig regjering som fører en anstendig innvandringspolitikk, en ansvarlig økonomisk politikk, demping i offentlig pengebruk og en god miljøpolitikk.
Men, ærlig talt: Det mangler jo noen særdeles viktige setninger i andre kulepunkt i dette innlegget ditt. Både om anstendig innvandrings- og integreringspolitikk, om ansvarlig økonomisk politikk og offentlig pengebruk, om kulturpolitikk – og om den viktige delen av miljøpolitikken som ikke er klimapolitikk (naturvern, urbant bymiljø for mennesker m.m.m.).
Også i det tredje kulepunktet er det vel også åpenbare mangler for oss liberalere?
Når det er sagt: Det du skriver om justispolitikk både i andre og første kulepunkt er jeg veldig enig med deg i. Og det gjelder ikke bare hvordan disse partiene ønsker å behandle rusavhengige…
Takk for det, Stein Inge!
No er ikkje kulepunkta i innlegget mitt meint som ei uttømmande liste over kvar dei borgarlege partia skiljer lag. Du har sjølvsagt rett i innvendingane mot Frp. Og det er mykje som burde vore sagt om Høgre og KrF også.
Elles er det kjekt å høyre at du stort sett er einig i vedtaket vårt. Eg trur dette er ei fornuftig linje å ligge på, og ikkje minst: Ei veldig open og konstruktiv linje. Så vil jo overskrifta uansett bli “opnar for Frp” så snart ein går ein millimeter vekk frå vasstette ultimatum og garantiar. Men det er det ingenting å gjere med, og det er kanskje like greit å få den overskrifta no og ikkje i august 2013.
Jeg synes det er interessant at UV åpner for samarbeid med samtlige partier, men samtidig både fornærmer alle tre som sitter i den rødgrønne regjeringen (inkludert tidligere regjeringskamerat SP) og lukker døren for noe som helst samarbeid med rødgrønn side.
Det er helt naturlig at UV vil ha et regjeringskifte, men jeg må stusse når det virker som om man tror FrP ligger nærmere Venstre enn hva SP eller AP gjør. FrP har et uansvarlig forhold til penger, ekstremt lite liberale holdninger sosialt (til å være et stort norsk parti), et flyktig forhold til sannhet (f.eks. er de fortsatt klimaskeptikere) og er sånn jeg har oppfattet dem direkte motstandere av pragmatisme. AP har i det minste ansvarlig pengeføring (om enn med andre prioriteringer enn borgerlig side), tror på klimaendringene og har villighet til pragmatisme.
I forhold til de tre hovedutfordringene du nevner, henholdsvis “Klimaendringar, eldrebølgja og vegen mot kunnskapssamfunnet.” har jeg sett regjeringen ta tak i alle tre og FrP ta tak i ingen av dem. Man kan være uenig med metodene til regjeringen, men de har i alle fall noenlunde samme oppfatning av hovedutfordringene som resten av partiene i Norge. (Det var jo. f.eks. AP som ledet ann med pensjonsreformen, mot store protester i fagbevegelsen og med FrP som eneste parti mot.)
Jeg mener ikke Venstre nødvendigvis vil være tjent med å samarbeide i en sentrumvenstre-koalisjon, men jeg tror i alle fall ikke Venstre er tjent med å godta FrPs historie om at det er lengre mellom sentrum og AP enn det er mellom sentrum og FrP.